tirsdag 27. oktober 2009

Utvikling i Sogndal (del 1) - kva bør Sogndal bli kjent for?

Diskusjonen om bystatus for Sogndal, herunder utvikling av regionsenteret, gjekk i om lag ei vekes tid. No har diskusjonen stilna av. Eit moment i diskusjonen – var om bystatus kan heve folks oppfatning av Sogndal.

I håp om at diskusjonen kanskje kan haldast oppe , vil eg forsøkje å drøfte litt rundt omgrepet renomé. Renomé er sentralt i forhold til det å byggje ei merkevare rundt eit produkt, eit namn eller – like relevant – ein stad.

Eg ynskjer få fram at ein bør forsøkje å byggje eit renomé for Sogndal som er uavhengig av om ein er by eller bygd.

Har du innspel eller kommentar til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag - og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen?


Kva er eit renomé?

Eg trur det er viktig at Sogndal som regionsenter forsøkjer å byggje seg eit tydeleg renomé. Eit renomé er ikkje noko ein kan bestemme. Eit renomè er den oppfatning folk har av noko eller nokon. Renomé eller omdøme – om ein vil – kan sjåast opp mot det engelske ordet ”reputation,” og kan oversetjast med ”det ein er kjend for.”

Renoméet er ikkje det same som ein visjonen eller eit mål/forretningside. Både visjonen og målet vert ofte publisert – og vil ofte vera det som ein person, plass eller verksemd ynskjer å bli kjend for. Men dette treng ikkje vera same som det ein faktisk, over tid, vert kjent for.

Ein visjon kan ein bestemme seg for – eit renomé må ein gjera seg fortent til.


Eit godt eksempel kan hentast få Sogndal fotball. Alle som har høyrt representantar frå Sogndal fotball fortelje om korleis dei ynskjer å byggje merkevara Sogndal fotball, har høyrt ordet talentfabrikk brukt. Sogndal fotball har sagt at dei ynskjer at eit av dei områda dei ynskjer å bli kjent for (altso ein del av deira renomé), er at dei er gode på talentutvikling. Derfor Talentfabrikken. Kor vidt Sogndal fotball har lykkast med det, er det din og min oppfatning av Sogndal fotball som avgjer. Men om det mange nok av oss som tenkjer på Talentfabrikken når dei høyrer Sogndal fotball, så har dei klart å skape dette som eit element i sitt renomé.


Må byggje renomé
Så kva har dette med Sogndal og bystastus? Slik eg ser det bør ein forsøkje å byggje eit renomè for Sogndal som er uavhengig av status som by – eller bygd. Renomèt bør fyllast med innhald. Folk bør ha ei oppfatning om Sogndal – som er knytta til ordet Sogndal – og ikkje til om det står bygda Sogndal bygd eller Sogndal by.

Kva renomé har Sogndal i dag?

Slik eg høyrer Sogndal omtalt av personar som ikkje bur i Sogndal, vil eg tru at følgjande moment kjem høgt opp på kva Sogndal er kjent for i dag;
  • Sogndal fotball
  • Studiestad /studentar
  • Lerum (saft og syltetøy)
  • Tone Damli Åberge (Idol-Tone)
På bakgrunn av eit par års framragande dugnadsarbeid frå Tor Yttri &co trur eg òg eg vil drista med til å hengja på
  • Fjellsport / Bratt moro
Om det ikkje er innarbeida som ein del av renoméet allereie, trur eg i alle fall ikkje det går lenge før det er innarbeida.

Kva manglar Sogndal?

Men kva manglar me –om ein ynskjer er å auke innbyggartalet i Sogndal og utvikle Sogndal til eit sterkare regionsenter? Er dei momenta som er nemnt ovanfor nok for å tiltrekke seg auka aktivitet eller fleire innbyggjarar?

Eg trur Sogndal manglar eit element i renoméet som går på utvikling generelt og næringsutvikling spesielt. Eg trur at om me skal tilstrekke oss nye innbyggjarar – må dette elementet vera sterkare enn i dag.


Tenk om Sogndal kunne bli kjent for å ha eit stort mangfald i arbeidsplassar – og at det gir gode moglegheitar på arbeidsmarknaden uavhengig av kva utdanning ein har! Eller tenk om Sogndal kunne bli kjent for å vera utruleg gode innanfor eit spesielt næringsområde! Og då helst på eit område me ikkje er sterke på i dag – slik at det representerer noko som kan gje oss eit renomé på at me utviklar oss.


Skikkeleg tøft hadde det vore om ein hadde fått utvida omgrepet Talentfabrikken til å gjelde heile Sogndal. Talentfabrikken: Sogndal fotball, ettertrakta studentar frå Høgskulen og Sogndal som eit eldorado for unge etablerarar som flyttar til Sogndal for å jobbe midt i veka – og ha bratt moro i helgane!


Og så er poenget at dette kan ein ikkje bestemme – det er noko ein må gjera seg fortent til. Ein kan heller ikkje løyse det med ein stor marknadsføringsinnsats – sjølv det kan hjelpe på kort sikt. Over tid må det ligg eit ekte innhald bak det ein forsøkjer å byggje inn i renoméet. På same måte som Sogndal fotball må drive med talentutvikling for å fortene merkelappen Talentfabrikken – så må Sogndal drive næringsutvikling for at næringsutvikling skal bli ein del av det folk hugsar om Sogndal.



--- oo ---

Har du innspel eller kommentarar?
Har du innspel til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag – og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen!

11 kommentarer:

  1. Et godt innspill og gode tanker - her er jeg helt enig med deg. Skulle ønske jeg satt med et fasitsvar eller i alle fall hadde noen gode ideer å bidra med - kanskje de kommer etterhvert :-)

    SvarSlett
  2. Med andre ord: Det som fyrst og fremst trengst, er å arbeide for fleire arbeidsplassar til Sogndal. Trur den beste måten å få eit godt omdøme på, er å faktisk ha noko å vise til. Altså jobb fyrst, reklame (dei store forteljingane) etterpå. Det er jo nett det Sogndal Fotball har gjort. Har elles sjølv tidlegare blogga om det farefulle og besnærande ved den såkalla omdømebygginga:
    http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=879

    SvarSlett
  3. Eli, eg trur - som deg - at me må vise at me duger på næringsutvikling (= jobbutvikling). Då kjem omdøme innafor dette området etterkvart.

    OddvarF kommenterte på Twitter at me har mykje arbeidsplassar når ein ser eit felles bu- og arbeidsmarknad under eit. (Leikanger-Sogndal-Luster , og truleg Årdal). Med unntak av Årdal føler eg framleis at det er litt ubalanse i jobb-profilen. Mykje offentleg. Det er flott og viktig. Men me må òg få til noko i det private næringsliv, om me skal få eit fullgodt omdøme.

    Men spørsmålet er om Sogndal skal ta i bruk nærheit til Leikanger, Luster og Årdal, som ein del av marknadsføringa og omdøme-bygginga av Sogndal. Eller om effekten av fells bu-og arbeidsmarknad får størst omdøme-effekt om kommunane klarar å samarbeide. Då tenkjer eg under ein felles paraply (med eit klart omgrep/namn) eller som ein felles kommune. ....

    SvarSlett
  4. God blogg og viktig tema dette !

    Omdømme er viktig. Omdømmebygging er vanskeleg og som du heilt rett sler fast : "dette kan ein ikkje bestemme – det er noko ein må gjera seg fortent til."

    Etter mitt syn kjem du inn på det aller viktigaste i ditt siste tilsvar til "rjupa".

    Om ein skal lukkast med å tiltrekke seg nye inflyttarar og arbeidsplassar meinar eg ein må tenke SOGN.

    Kva som er SOGN trur eg faktisk er mindre viktig, sett utafrå.
    Innafrå er det sjølvsagt vikig og eit tema som kan gjere eit ein slik prosess ikkje kjem i gang.

    Som regionsenter i SOGN bør sjølvsagt Sogndal Kommune vere pådrivar og initativtakar.

    At SOGN er eit godt merkenavn er eg sikker på. Om ein vel å bygge omdømme omkring SOGN er eg sikker på at ein har eit forsprang i høve til å skulle etablere Sogndal, Leikanger, Luster osv

    Ski i Sogn ( eksisterar det ? ) kan vera eit eksempel.

    Så mitt svar på din siste kommentar er å satse på SOGN som eit felles bu, arbeid og opplevings-område !

    SvarSlett
  5. Dersom vi skal betre Sogndal sitt omdøme på næringsutvikling på eitt eller fleire spesielle område: Korleis gjer vi det? Sånn konkret?

    Eg meiner jo at noko må gjerast i den overordna næringspolitikken. Det må bli meir attraktivt (=leveleg) å gründe, starte og vidareutvikle verksemder. Bernt, du antyda at både næringsliv og politikarar på lokalt plan nok må gjere mykje av jobben sjølv...i alle fall i første omgang (jf. tidlegare twittospondanse mellom meg og deg).

    Korleis konkret skal dette skje? Korleis skape "friskt blod" i næringslivet i Sogndal? Kva må politikarane gjere? Kva må Paal Fosdal i Sogn Næring gjere? Han har jo ikkje akkurat dei same verktøya som kollega Grov i Luster, har han vel?

    Eg diggar alt dei får til i Luster. Det er tøft at det vert laga innovative retroomnar på Gjerde. Jostedølene byggjer bygda og dermed eit godt omdøme som ein stad for dei som likar små og tette samfunn med store og vide moglegheiter.

    Eg kunne fint ha drive mi eiga verksemd der inne, med kommunalt sponsa kontorplass og kaffidrikking og artig pausemoro saman med Eli Bjørhusdal og prosjektleiaren for deterherduvilbu-prosjektet.

    ...men, eg vil bu her i Sogndal. Og leike i Luster. Altså leike i SOGN. Og det vil vel mange andre også, vil eg tru.

    Korleis, heilt konkret skal ein stimulere til næringsutvikling i Sogndal?

    SvarSlett
  6. Jan-Erik, her var det mange spørsmål. Hadde ein berre visst svaret på dette - utan vidare. Det positive er at eg trur Sogn Næring v/ Paal Fosdal, etter forrige møte i formannskapet fekk eit visst mandat til å gjere ei analyse av dette. Då vil Paal forhåpentleg kunne leggje til rette for gode diskusjonar i mange miljø - og få mange innspel.

    Vona mi med å invitere til diskusjon her på bloggen, er å halde diskusjonen gåande. For min eigen del tenkjer eg mykje på dette - og kjem stadig på nye vinklingar. Men det må setjast i struktur. Forhåpentleg kan me vera med å gje Paal Fosdal gode innspel - og gje han høve til å setje struktur på analysane.

    Men eg må seie meg einig med deg - mht at om Sogndal kunne etablere ein form for gründerhjelp i form av rimeleg kontor i ein periode samt hjelp til gründarar å komme inn i eit næringsnettverk - ville me ha fått ein god start og ein god profil. Det er med stor annerkjenning eg høyrer om eksempel frå feks Måløy og Luster, der ein legg til rette for slike tilbod og aktiv oppfølging.

    Eg er elles einig med både Jørn og Jan-Erik om at det hadde vore moro å kunne gjort noko med SOGN som utgangspunkt. Der trur eg me kunne fått til noko. Eg vil helst ha med Årdal. Kanskje dei òg snart ser fordelen med å samarbeid med dei andre kommunane? Då ville SOGN fått ein utruleg spennande profil. Men med den kranglinga ein opplever i Sogn regionråd er det kanskje langt fram...

    Om ein kunne einast om nokre felles planar for å utvikle og marknadsføre eit felles bu-, arbeids og opplevings-område, kan diskusjonar rundt samarbeid mht samhandlingsreform og eventuell kommunesamanslåing òg få ei betre plattform.

    SvarSlett
  7. Dette er ein svært interessant diskusjon, aktuell for Sogndal, Sogn og i vidare krinsar.

    Alle dei positive kommentarane avdekkjer mange gode krefter som burde slå seg saman og etablere noko a la Førde Framover www.fordeframover.no ... Sogn Framover, og om litt kan Sogn Framover, Førde Framover og liknande samarbeide for å styrke omdømet til fylket. - positive ringar - Eg har stor sans for at vi kan bygge kvarandre sterke.

    SvarSlett
  8. Liv Judit,
    ein kjempespennande tanke om å gjera noko à la Førde framover - frå eit samarbeid i SOGN.

    www.fordeframover.no framstår for meg som noko av det mest spennande som skjer i S&Fj akkurat no. Håpar Førde lukkast med det - og at Førde kan vera ei drivande kraft i å få til utvikling her i fylket. Det hadde vore positivt for alle områda rundt.

    SvarSlett
  9. Denne artikkel på Distriktssenteret si nettside (januar'09) om korleis Førde Framover prosjektet starta opp - er obligatorisk for oss som lurer på korleis ein skal tilnærma seg dette med utvikling:

    http://bit.ly/2mCGvx

    Spennande når ein ser korleis www.fordeframover.no er blitt no.

    SvarSlett
  10. Heisann,

    Ganske passende debatt å lansere et initiativ jeg har tatt om å starte en grunderlunsj i Sogndal. Dette med faglige møteplasser har vært diskutert. Kombinert med ønske om grunderaktivitet, så tenkte jeg det var på sin plass å skape noe. Jeg har skrevet om initiativet på min egen blogg i dag på bakgrunn av denne debatten:

    http://halvorgregusson.wordpress.com/2009/10/30/grunderlunsj-i-sogndal/

    Sogn Næring er allerede med som samarbeidspartner, og har fått gode tilbakemeldinger fra de grunderne jeg har forhørt meg med. Du, Bernt, kommer nok til å bli invitert som foredragsholder en eller annen gang :)

    Til alle som har gode ideer i denne debatten. Samle sammen et lag og sett i gang :)

    SvarSlett
  11. Halvor,
    her er det berre ein ting å seie. Dette er kanonbra! Gründerlunch med faste intervall vil vera eit kjempegodt og viktig bidrag. Og vil heilt klart vera viktig for det omdømet Sogndal får på å ta i mot ny næringsverksemd. Flott!

    Eg held gjerne føredrag eller innleiar til diskkusjon - og på vegne av Lerum så stiller me gjerne med møtelokaler, omvisning på fabrikk og drikke (+ noko å bite i), om de treng hjelp til å komme i gang. Er heilt sikker på at andre bedrifter eller offentlege etatar vil kunne gje samme støtte.

    SvarSlett