fredag 18. juni 2010

Godt styrearbeid i Helse Førde ?

(refleksjon etter styremøte i Helse Førde 18.juni 2010 – som har skapt stor debatt)


Dagens styremøte i Helse Førde skapar store reaksjonar. Styret valde å leggje seg på ei tøff omstillingslinje. Ut frå eit styringsperspektiv gjev dagens styremøte grunnlag for nokre refleksjonar rundt kva plikter styret i ei verksemd – og i eit helseføretak – har;


Først tek eg med tre punkt frå lova som regulerar helseføretaka (Lov om helseforetak), som har klare likskap som det ein finn i anna selskapslovgiving i Norge, til dømes aksjelova;

(mine uthevingar i lovteksten)

§ 16. Foretaksmøtets myndighet mv.

Eieren utøver den øverste myndighet i foretaket i foretaksmøtet. Eieren kan ikke utøve eierstyring i foretaket utenom foretaksmøtet.


§ 28. Styrets oppgaver

Forvaltningen av foretaket hører under styret som har ansvar for en tilfredsstillende organisering av foretakets samlede virksomhet.


Styret skal fastsette budsjett og planer for foretakets virksomhet.


Styret skal holde seg orientert om foretakets virksomhet og økonomiske stilling. Det skal føre tilsyn med at virksomheten drives i samsvar med målene som er nedfelt i § 1, foretakets vedtekter, vedtak truffet av foretaksmøtet og vedtatte planer og budsjetter.


§ 14. Foretakets egenkapital

Foretaket skal ha en egenkapital som står i forsvarlig forhold til foretakets virksomhet.


Hvis det må antas at foretakets egenkapital er lavere enn forsvarlig ut fra risikoen ved og omfanget av virksomheten, skal styret straks behandle saken. Styret skal innen rimelig tid varsle eieren, og gi denne en redegjørelse for foretakets økonomiske stilling, og foreslå tiltak som vil gi foretaket en forsvarlig egenkapital.


Dagens styremøte gjev to eksempel på sentrale tema i styrearbeid;


  • Styret tok større grep enn det som var administrasjonen sitt forslag
  • Styret finn ikkje dagens finansiering /eigenkapital forsvarleg. Når dei då heller ikkje finn å kunne rette på situasjonen ved å setje inn tiltak, må ein innan rimeleg tid varsle eigaren om dette.

Styret har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere situasjonen eit føretak er i – og kva tiltak som eventuelt må setjast i verk. Ein kan ikkje einsidig byggje på det som vert lagt fram av administrasjonen. Så når eigarane har pålagt styret å spare 150 millionar innan 2012, kan ikkje styret gå med på ein plan frå administrasjonen som ikkje når desse innsparingane før i 2020. Då må styret – som dei gjorde i dag – forsøkje å finne sterkare tiltak. Alternativet er at dei melder tilbake til eigarane om at naudsynte tiltak ikkje kan finnast innafor dei rammer som er gjeve – og dermed be eigarane om tilførsel av meir kapital.


Det ser ut til det er litt usikkerheit om det vil vera praktisk mogleg å gjennomføre dei tiltake som er skissert innan utgangen i 2012. Her kan styret møte seg sjølv i 2012 – om dei framleis får lov å styre. Ein har krav om å vurdere om dei føreslegne tiltak er realistiske.


Ut frå eit styringsperspektiv bør ein likevel kunne gje honnør til styret i Helse Førde. Dei er tydlege i kva alternativ som finns. Enten må ein gjennomføre ei tydeleg hestekur – elles så må eigarane komme med meir finansiering.


Kanskje ligg litt av problemet i at styret og leiing i Helse Vest, som er eigar av Helse Førde i første ledd, ikkje er like tydelege i si styring som det styret i Helse Førde er. Det vil vera Helse Vest som må ta med signala frå Helse Førde inn til eigaren gjennom Føretaksmøtet. Til sjuande og sist vil det vera ei politisk oppgåve å ta stilling dei klare signal som vert sendt frå styra i helseføretaka.


Enten må politikarane ta vekk den føretaksmodellen dei har valt å organisere helseoppgåvene under. Alternativt må dei innfinne seg med at dei må styre gjennom føretaksmodellen - og dei signala som kjem frå styra som dei har satt til å styre og overvåke forvaltninga av helseoppgåvene.


onsdag 18. november 2009

Verdiskaping også i offentleg sektor

Kommentar gjeve i Fylkesmannbloggen 18. november 2009, som replikk på Oddvar Flæte sin blogg "Verdiskaping også i offentleg sektor " http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=208


Dette var ein svært god refleksjon over ein del flotte områder med utvikling i Sogn og Fjordane – og kva betyding "offentlege tenester, forsking og utvikling" har i dette biletet.

La meg – som du gjer – gje honnør til satsinga som no skjer gjennom Framtidsfylket, der 25 private og offentlege verksemder i fylket står bak som eigarar. (http://www.framtidsfylket.no/om-framtidsfylket/om-framtidsfylket-as/)

Sidan eg i einskilde samanhengar kan ha blitt oppfatta som kritisk til at me i sogne-regionen er sterke innanfor offentleg sektor – på bekostning av privat sektor – så vil eg presisere at eg er heilt einig i det du skriv. Det som er gjort innanfor klynga "offentlege tenester, forsking og utvikling" er kjempeflott. Og som du skriv, det har –"ikkje komme rekande på ei fjøl."

Det at det ikkje har komme rekande på ei fjøl – er nettopp det som gjer at eg er optimist på at det går an å få til ei sterkare utvikling på næringslivssida. Etter at eg flytta heim til fylket for fire år sidan, har eg gradvis fått meir innblikk i det systematiske arbeidet som du og dine medarbeidarar har lagt ned for å få til eit kjempesterkt miljø på offentlege tenester. Og då tenkjer eg medarbeidarar langt ut over dine eigne rekker hjå Fylkesmannen. Samarbeid, blant anna med Vestlandsforsking, Høgskulen og IT-forum, har gjort at ein står fram med styrke når ein tek dei tunge diskusjonane med dei sterke kreftene i Oslo.

Miljøet på Leikanger er leiande på å leggje til rette teknologi for å effektivisere prosessar i offentleg sektor. Kopling mellom teknologi og endring av måten å jobbe på, er noko som ligg mitt hjerte nært. Det at ein har vist at Sogn og Fjordane kan vera ein premissleverandør på dette området innanfor offentleg sektor, gjer meg viss på at koplinga mellom teknologi og smarte måtar å jobbe på, bør kunne bli eit konkurransefortrinn òg for anna type verksemder her i fylket.

Du viser til dei 9 ulike næringsklyngene som Framtidsfylket har identifisert. Sidan eg jobbar i Lerum-konsernet, savnar eg sjølvsagt at dei har identifisert "mat og drikke" som ei eiga næringsklynge. Verksemder innanfor denne klynga utmerkar seg på nasjonalt nivå. Forutan det som har skjedd i Lerum dei siste åra, så har me i det siste sett at Lærdal Grønt får stor merksemd. Balholm fleire gonger har blitt trekt fram – og me veit at Tine brukar miljøet i Vik aktivt i nokre av sine satsingar. Me har eit sterkt forskingsmiljø på frukt og bær på Leikanger og Nortura har fleire viktige anlegg i fylket. Nordfjord Kjøtt er ei svært lønnsam verksemd og Domstein med sine nærståande selskap, er ein markant aktør innanfor fiskemat. Og det er sikkert mange som burde vore nemnt. Men kanskje aller mest alle småskala produsentane innafor mat – som bidrar til eit mangfald og som gjer at dei store må vera på tå hev for å halde tritt med produktutviklinga.

Men attende til din refleksjon om klynga "offentlege tenester, forsking og utvikling." Både Høgskulen og Vestlandsforsking ynskjer å driva forsking og utvikling tett opp mot næringslivet. Dessverre er det ofte slik at næringslivet ikkje alltid klarar å prioritere det langsiktige utviklingsarbeidet – i det kortsiktige biletet. Dei sterke offentlege drivkreftene kommenterer ofte at næringslivet er fråverande i forsøk på felles initiativ rundt utviklingsarbeid.

Men basert på din refleksjon om kor mykje ein har fått til innanfor ei langsiktig og svært målretta satsing på offentlege tenester, så bør ein ikkje gje opp eit mål om å få til måtar å samarbeide på som gjer at noko av denne gnisten ein har hatt for å få til dei offentlege tenestene her i fylket kan smitta litt over til næringsutviklingsarbeidet. Og eg har vel vore mest kritisk til satsinga på næringsutviklingsarbeid som skjer i den delen av fylket som er ein del av Fylkesmannen sitt felles bu- og arbeidsområde. Det skjer mykje spennande i Førde – og langs kysten…

onsdag 4. november 2009

Utvikling i Sogndal (del 2) – bør ein prøve å sjå på SOGN når det gjeld utvikling?

I bloggen min som omhandla kva Sogndal er kjent for og kva Sogndal bør bli kjent for, fekk eg fleire tilbakemeldingar. Blant anna på at ein i staden for å fokusere einsidig på Sogndal, bør ein sjå på utvikling ut frå eit Sogn-perspektiv.


Det vert hevda at ein har ein felles bu-og arbeidsmarknad i Sogn. Er dette det einaste fellestrekket, er det viktig og har me andre ting felles som gjera at ein bør prøva å jobbe etter eit slikt perspektiv?


Eg tek ikkje stilling til om eit fokus på SOGN bør skje gjennom kommunesamanslåingar eller om ein bør sjå utvikling under ein felles paraply på tvers av kommunegrenser. Men eg kjem til at det er så mange spennande ting i SOGN som går på tvers av kommunegrensene, at det vil vera dumt å ikkje forsøkje å utnytte dette. Skal ein forsøkje å skape noko på tvers under ein felles paraply – må paraplyen ha eit klart omgrep/namn. Kanskje er Sogn det rette – men kanskje bør ein få eit tillegg som viser at satsinga er ny?


Skal ein gjera noko på tvers av grensene i Sogn, vil eg helst ha med Årdal. Kanskje dei òg snart ser fordelen med å samarbeid med dei andre kommunane? Men med det gode samarbeidsklimaet som er i Sogn regionråd for tida – så spørs det kva som er mogleg?


Eksempel på tiltak som er gjort for å styrke utviklinga i ein region eller kommune finne ein på;

www.sunnfjord2020.no

www.fordeframover.no

www.maloyvekst.no


Kva er SOGN kjent for og kva kan SOGN bli kjent for framover?

I innlegget om Sogndal kom eg fram til følgjande stikkord som var sentrale for omdømet;

  • Sogndal fotball
  • Studiestad /studentar
  • Lerum (saft og syltetøy)
  • Tone Damli Åberge (Idol-Tone)
  • Fjellsport / Bratt moro

og eg kasta fram Talentfabrikken som eit spennande stikkord å byggje vidare på.


I vedlagte tanke-kart (klikk på kartet for å få det større), har eg forsøkt å notera dei stikkorda eg kjem på når eg tenkjer på Sogn. Eg har på ingen måte tru på at eg har klart å sjå alle sider. Til det har eg budd for mange år vekke – og for få år i Sogn etter at eg flytta heim. Men kanskje eit utgangspunkt for diskusjon – og innspel til andre si idèmyldring.



Eg vil vel hevda – at av bygdene i Sogn er det Sogndal som er mest kjent utanfor regionen. Ein slik påstand vil nok av røynsle trigga ein del timar med diskusjon med personar med røter på systrond og i Årdal – og truleg kjem det til å kosta meg ein halvliter eller to. Men eg trur ein vil finne fleire frå Sogn som i smug oppgjev å vera frå Sogndal når dei presenterar seg ute. Ja – om dei er sikre på at dei ikkje vert overhøyrt av andre sogningar, vel å merka.


I forhold til å skulle utvikle Sogn – vil det vera naturleg at det som Sogndal er kjent for, òg vil vera noko Sogn er kjent for. Men tanke-kartet viser at det er fleire av desse momenta som vil vera endå sterkare om ein fokuserar på Sogn framfor Sogndal.


Dette gjeld heilt utvilsamt det som går på Fjellsport /Bratt moro. Med å ta med Luster og Årdal får ein med to kommunar som er porten inn i Jotunheimen. Ein får òg fram tilknytinga til Jostedalsbreen på ein tydlegare måte.


Styrken som ligg i det beste frukt- og bær distriktet, er openbar. Det same vil truleg omdømet rundt eit sterkt musikkmiljø.


I bloggen om omdømet til Sogndal, peika eg på at næringsutvikling var eit svakt punkt for Sogndal. I eit perspektiv der ein ser på arbeidsmarknaden i Sogn og den næringsutvikling ein finn her, ser ein kanskje den største plussen ved å samle innsatsen.


Ein får ein veldig spennande profil på private og offentlege arbeidsplassar om ein ser Sogn under eit. Ein har mykje innanfor det eg vel å kalle viktig infrastruktur, til dømes kraft, IT, bank, transport, hotell, advokatar, regnskapsførarar og revisorar. Ein har sjølvsagt eit stor offentleg apparat på Leikanger og ein har eit mangfald innanfor tradisjonell næringar. Men ein ser òg ein del spennande aktivitet innanfor nyare områder.


Framleis trur eg at ein har eit stykkje å gå innanfor næringsutvikling før Sogn vil kunne få eit tydeleg omdøme på at me er sterke på dette feltet. Men om ein samlar kreftene – og tek tak i det arbeidet som er i gang – så trur eg me vil klare å komme til eit nivå som er godt nok i forhold til alle dei andre styrkane som regionen har.


Men kva er godt nok? Jau, då tenkjer eg i forhold til om Sogn skal spela i eliteserien eller i 1.divisjon når det kjem til mangfald i næringslivet. Sogn sitt omdøme i forhold til moglegheitar på arbeidsmarknaden skal ikkje stå åleine. Me bør kunne trekke omdømemessige vekslar på mykje av det andre spennande som skjer i fylket. Me må passe på at me ikkje vert ståande heilt åleine – og konkurrere mot resten av fylket. Kanskjer vert dei i framtida endå meir vanleg å bu i Sogn men arbeide i Førde, og omvendt. Kanskje me kan samarbeid med andre områder i fylket for å fylle ut heilheita.


Og så har eg sjølvsagt ikkje gløymt Talentfabrikken. Den vert ikkje noko mindre kraftfull om ein utvidar perspektivet til Sogn.


Sogn (og Sogn og Fjordane) som eit sterkt felles bu- ,arbeids- og opplevings-område.



-- oo --


Har du innspel eller kommentarar?

Har du innspel til diskusjonen om kva Sogndal /Sogn er kjent for i dag – og kva Sogndal /Sogn bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen!

tirsdag 27. oktober 2009

Utvikling i Sogndal (del 1) - kva bør Sogndal bli kjent for?

Diskusjonen om bystatus for Sogndal, herunder utvikling av regionsenteret, gjekk i om lag ei vekes tid. No har diskusjonen stilna av. Eit moment i diskusjonen – var om bystatus kan heve folks oppfatning av Sogndal.

I håp om at diskusjonen kanskje kan haldast oppe , vil eg forsøkje å drøfte litt rundt omgrepet renomé. Renomé er sentralt i forhold til det å byggje ei merkevare rundt eit produkt, eit namn eller – like relevant – ein stad.

Eg ynskjer få fram at ein bør forsøkje å byggje eit renomé for Sogndal som er uavhengig av om ein er by eller bygd.

Har du innspel eller kommentar til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag - og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen?


Kva er eit renomé?

Eg trur det er viktig at Sogndal som regionsenter forsøkjer å byggje seg eit tydeleg renomé. Eit renomé er ikkje noko ein kan bestemme. Eit renomè er den oppfatning folk har av noko eller nokon. Renomé eller omdøme – om ein vil – kan sjåast opp mot det engelske ordet ”reputation,” og kan oversetjast med ”det ein er kjend for.”

Renoméet er ikkje det same som ein visjonen eller eit mål/forretningside. Både visjonen og målet vert ofte publisert – og vil ofte vera det som ein person, plass eller verksemd ynskjer å bli kjend for. Men dette treng ikkje vera same som det ein faktisk, over tid, vert kjent for.

Ein visjon kan ein bestemme seg for – eit renomé må ein gjera seg fortent til.


Eit godt eksempel kan hentast få Sogndal fotball. Alle som har høyrt representantar frå Sogndal fotball fortelje om korleis dei ynskjer å byggje merkevara Sogndal fotball, har høyrt ordet talentfabrikk brukt. Sogndal fotball har sagt at dei ynskjer at eit av dei områda dei ynskjer å bli kjent for (altso ein del av deira renomé), er at dei er gode på talentutvikling. Derfor Talentfabrikken. Kor vidt Sogndal fotball har lykkast med det, er det din og min oppfatning av Sogndal fotball som avgjer. Men om det mange nok av oss som tenkjer på Talentfabrikken når dei høyrer Sogndal fotball, så har dei klart å skape dette som eit element i sitt renomé.


Må byggje renomé
Så kva har dette med Sogndal og bystastus? Slik eg ser det bør ein forsøkje å byggje eit renomè for Sogndal som er uavhengig av status som by – eller bygd. Renomèt bør fyllast med innhald. Folk bør ha ei oppfatning om Sogndal – som er knytta til ordet Sogndal – og ikkje til om det står bygda Sogndal bygd eller Sogndal by.

Kva renomé har Sogndal i dag?

Slik eg høyrer Sogndal omtalt av personar som ikkje bur i Sogndal, vil eg tru at følgjande moment kjem høgt opp på kva Sogndal er kjent for i dag;
  • Sogndal fotball
  • Studiestad /studentar
  • Lerum (saft og syltetøy)
  • Tone Damli Åberge (Idol-Tone)
På bakgrunn av eit par års framragande dugnadsarbeid frå Tor Yttri &co trur eg òg eg vil drista med til å hengja på
  • Fjellsport / Bratt moro
Om det ikkje er innarbeida som ein del av renoméet allereie, trur eg i alle fall ikkje det går lenge før det er innarbeida.

Kva manglar Sogndal?

Men kva manglar me –om ein ynskjer er å auke innbyggartalet i Sogndal og utvikle Sogndal til eit sterkare regionsenter? Er dei momenta som er nemnt ovanfor nok for å tiltrekke seg auka aktivitet eller fleire innbyggjarar?

Eg trur Sogndal manglar eit element i renoméet som går på utvikling generelt og næringsutvikling spesielt. Eg trur at om me skal tilstrekke oss nye innbyggjarar – må dette elementet vera sterkare enn i dag.


Tenk om Sogndal kunne bli kjent for å ha eit stort mangfald i arbeidsplassar – og at det gir gode moglegheitar på arbeidsmarknaden uavhengig av kva utdanning ein har! Eller tenk om Sogndal kunne bli kjent for å vera utruleg gode innanfor eit spesielt næringsområde! Og då helst på eit område me ikkje er sterke på i dag – slik at det representerer noko som kan gje oss eit renomé på at me utviklar oss.


Skikkeleg tøft hadde det vore om ein hadde fått utvida omgrepet Talentfabrikken til å gjelde heile Sogndal. Talentfabrikken: Sogndal fotball, ettertrakta studentar frå Høgskulen og Sogndal som eit eldorado for unge etablerarar som flyttar til Sogndal for å jobbe midt i veka – og ha bratt moro i helgane!


Og så er poenget at dette kan ein ikkje bestemme – det er noko ein må gjera seg fortent til. Ein kan heller ikkje løyse det med ein stor marknadsføringsinnsats – sjølv det kan hjelpe på kort sikt. Over tid må det ligg eit ekte innhald bak det ein forsøkjer å byggje inn i renoméet. På same måte som Sogndal fotball må drive med talentutvikling for å fortene merkelappen Talentfabrikken – så må Sogndal drive næringsutvikling for at næringsutvikling skal bli ein del av det folk hugsar om Sogndal.



--- oo ---

Har du innspel eller kommentarar?
Har du innspel til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag – og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen!

fredag 23. oktober 2009

Stao no pao - om ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane

Kommentar til Lill Mona Solberg sitt flotte innlegg til ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane, på Fylkesmann-bloggen: http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=172


Det hadde no vore freistande å skrive at her er det berre å peise på..., men sidan eg er sogning og ikkje nordlending høver det vel betre med "Stao no pao".


Dette er flott. Me har byrja å ta tak i eit viktig område - og det på mange nivå. Det må bli suksess - og er viktig for Sogn og Fjordane som fylke. Dei gode resultata som ein har for entreprenørskap i samband med skule, er ekstra oppløftande når ein veit at det er mange tiltak her i fylket som forsøkjer å favne om unge gründarar etter ferdig skulegang. Fleire av desse er omtalt på nettsida http://www.driftig.no/.


Som styreleiar i Sparebanken Vest si næringsstifting for Sogn og Fjordane kjenner eg til at det er mange spennande initiativ blant gründarar (unge og gamle) i fylket. Når ein veit at mange av dei som får støtte av denne type fond/stiftingar, ofte i etterkant kjem over i gode mentorprogram som til dømes Innovasjon Norge sitt Alkymisten program, (http://www.innovasjonnorge.no/Fylke/Sogn-og-Fjordane/Kompetanse/Alkymisten/), er det lov å vera optimist på vegne av entreprenørskapet i fylket.


Tysdag hadde eg gleden av å ha ein lenger telefonsamtale med Anne van Oorschot i Framtidsfylket om rekruttering og møteplassar. Når ein veit kva engasjement ho har for jobben - og kor mange bedrifter i Sogn og Fjordane som no står bak Framtidsfylket - har ein eit anna eksempel som viser at me har all grunn til optimisme.


So - stao no pao alle som ivrar for næringsutvikling her i fylket.