onsdag 18. november 2009

Verdiskaping også i offentleg sektor

Kommentar gjeve i Fylkesmannbloggen 18. november 2009, som replikk på Oddvar Flæte sin blogg "Verdiskaping også i offentleg sektor " http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=208


Dette var ein svært god refleksjon over ein del flotte områder med utvikling i Sogn og Fjordane – og kva betyding "offentlege tenester, forsking og utvikling" har i dette biletet.

La meg – som du gjer – gje honnør til satsinga som no skjer gjennom Framtidsfylket, der 25 private og offentlege verksemder i fylket står bak som eigarar. (http://www.framtidsfylket.no/om-framtidsfylket/om-framtidsfylket-as/)

Sidan eg i einskilde samanhengar kan ha blitt oppfatta som kritisk til at me i sogne-regionen er sterke innanfor offentleg sektor – på bekostning av privat sektor – så vil eg presisere at eg er heilt einig i det du skriv. Det som er gjort innanfor klynga "offentlege tenester, forsking og utvikling" er kjempeflott. Og som du skriv, det har –"ikkje komme rekande på ei fjøl."

Det at det ikkje har komme rekande på ei fjøl – er nettopp det som gjer at eg er optimist på at det går an å få til ei sterkare utvikling på næringslivssida. Etter at eg flytta heim til fylket for fire år sidan, har eg gradvis fått meir innblikk i det systematiske arbeidet som du og dine medarbeidarar har lagt ned for å få til eit kjempesterkt miljø på offentlege tenester. Og då tenkjer eg medarbeidarar langt ut over dine eigne rekker hjå Fylkesmannen. Samarbeid, blant anna med Vestlandsforsking, Høgskulen og IT-forum, har gjort at ein står fram med styrke når ein tek dei tunge diskusjonane med dei sterke kreftene i Oslo.

Miljøet på Leikanger er leiande på å leggje til rette teknologi for å effektivisere prosessar i offentleg sektor. Kopling mellom teknologi og endring av måten å jobbe på, er noko som ligg mitt hjerte nært. Det at ein har vist at Sogn og Fjordane kan vera ein premissleverandør på dette området innanfor offentleg sektor, gjer meg viss på at koplinga mellom teknologi og smarte måtar å jobbe på, bør kunne bli eit konkurransefortrinn òg for anna type verksemder her i fylket.

Du viser til dei 9 ulike næringsklyngene som Framtidsfylket har identifisert. Sidan eg jobbar i Lerum-konsernet, savnar eg sjølvsagt at dei har identifisert "mat og drikke" som ei eiga næringsklynge. Verksemder innanfor denne klynga utmerkar seg på nasjonalt nivå. Forutan det som har skjedd i Lerum dei siste åra, så har me i det siste sett at Lærdal Grønt får stor merksemd. Balholm fleire gonger har blitt trekt fram – og me veit at Tine brukar miljøet i Vik aktivt i nokre av sine satsingar. Me har eit sterkt forskingsmiljø på frukt og bær på Leikanger og Nortura har fleire viktige anlegg i fylket. Nordfjord Kjøtt er ei svært lønnsam verksemd og Domstein med sine nærståande selskap, er ein markant aktør innanfor fiskemat. Og det er sikkert mange som burde vore nemnt. Men kanskje aller mest alle småskala produsentane innafor mat – som bidrar til eit mangfald og som gjer at dei store må vera på tå hev for å halde tritt med produktutviklinga.

Men attende til din refleksjon om klynga "offentlege tenester, forsking og utvikling." Både Høgskulen og Vestlandsforsking ynskjer å driva forsking og utvikling tett opp mot næringslivet. Dessverre er det ofte slik at næringslivet ikkje alltid klarar å prioritere det langsiktige utviklingsarbeidet – i det kortsiktige biletet. Dei sterke offentlege drivkreftene kommenterer ofte at næringslivet er fråverande i forsøk på felles initiativ rundt utviklingsarbeid.

Men basert på din refleksjon om kor mykje ein har fått til innanfor ei langsiktig og svært målretta satsing på offentlege tenester, så bør ein ikkje gje opp eit mål om å få til måtar å samarbeide på som gjer at noko av denne gnisten ein har hatt for å få til dei offentlege tenestene her i fylket kan smitta litt over til næringsutviklingsarbeidet. Og eg har vel vore mest kritisk til satsinga på næringsutviklingsarbeid som skjer i den delen av fylket som er ein del av Fylkesmannen sitt felles bu- og arbeidsområde. Det skjer mykje spennande i Førde – og langs kysten…

1 kommentar:

  1. Takk for dei pene orda.
    Eg tykkjer det er greitt at ein syner fram ulike klynger. Men eg trur vi definerer dei også godt sjølve. Som du heilt rett peikar på, så er det t.d.ei mat- og næringsklynge i Indre Sogn. Da trur eg det viktige er at ein definerer den klynga ein ønskjer å tilhøre sjølv - og tek initiativ i den lei.

    Det er noko av det same tankegodset som ein ikkje ukjent Gunnar Carlson har gjort når han har sett Måløy og Ulsteinsvik i ein samanheng.

    SvarSlett