tirsdag 27. oktober 2009

Utvikling i Sogndal (del 1) - kva bør Sogndal bli kjent for?

Diskusjonen om bystatus for Sogndal, herunder utvikling av regionsenteret, gjekk i om lag ei vekes tid. No har diskusjonen stilna av. Eit moment i diskusjonen – var om bystatus kan heve folks oppfatning av Sogndal.

I håp om at diskusjonen kanskje kan haldast oppe , vil eg forsøkje å drøfte litt rundt omgrepet renomé. Renomé er sentralt i forhold til det å byggje ei merkevare rundt eit produkt, eit namn eller – like relevant – ein stad.

Eg ynskjer få fram at ein bør forsøkje å byggje eit renomé for Sogndal som er uavhengig av om ein er by eller bygd.

Har du innspel eller kommentar til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag - og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen?


Kva er eit renomé?

Eg trur det er viktig at Sogndal som regionsenter forsøkjer å byggje seg eit tydeleg renomé. Eit renomé er ikkje noko ein kan bestemme. Eit renomè er den oppfatning folk har av noko eller nokon. Renomé eller omdøme – om ein vil – kan sjåast opp mot det engelske ordet ”reputation,” og kan oversetjast med ”det ein er kjend for.”

Renoméet er ikkje det same som ein visjonen eller eit mål/forretningside. Både visjonen og målet vert ofte publisert – og vil ofte vera det som ein person, plass eller verksemd ynskjer å bli kjend for. Men dette treng ikkje vera same som det ein faktisk, over tid, vert kjent for.

Ein visjon kan ein bestemme seg for – eit renomé må ein gjera seg fortent til.


Eit godt eksempel kan hentast få Sogndal fotball. Alle som har høyrt representantar frå Sogndal fotball fortelje om korleis dei ynskjer å byggje merkevara Sogndal fotball, har høyrt ordet talentfabrikk brukt. Sogndal fotball har sagt at dei ynskjer at eit av dei områda dei ynskjer å bli kjent for (altso ein del av deira renomé), er at dei er gode på talentutvikling. Derfor Talentfabrikken. Kor vidt Sogndal fotball har lykkast med det, er det din og min oppfatning av Sogndal fotball som avgjer. Men om det mange nok av oss som tenkjer på Talentfabrikken når dei høyrer Sogndal fotball, så har dei klart å skape dette som eit element i sitt renomé.


Må byggje renomé
Så kva har dette med Sogndal og bystastus? Slik eg ser det bør ein forsøkje å byggje eit renomè for Sogndal som er uavhengig av status som by – eller bygd. Renomèt bør fyllast med innhald. Folk bør ha ei oppfatning om Sogndal – som er knytta til ordet Sogndal – og ikkje til om det står bygda Sogndal bygd eller Sogndal by.

Kva renomé har Sogndal i dag?

Slik eg høyrer Sogndal omtalt av personar som ikkje bur i Sogndal, vil eg tru at følgjande moment kjem høgt opp på kva Sogndal er kjent for i dag;
  • Sogndal fotball
  • Studiestad /studentar
  • Lerum (saft og syltetøy)
  • Tone Damli Åberge (Idol-Tone)
På bakgrunn av eit par års framragande dugnadsarbeid frå Tor Yttri &co trur eg òg eg vil drista med til å hengja på
  • Fjellsport / Bratt moro
Om det ikkje er innarbeida som ein del av renoméet allereie, trur eg i alle fall ikkje det går lenge før det er innarbeida.

Kva manglar Sogndal?

Men kva manglar me –om ein ynskjer er å auke innbyggartalet i Sogndal og utvikle Sogndal til eit sterkare regionsenter? Er dei momenta som er nemnt ovanfor nok for å tiltrekke seg auka aktivitet eller fleire innbyggjarar?

Eg trur Sogndal manglar eit element i renoméet som går på utvikling generelt og næringsutvikling spesielt. Eg trur at om me skal tilstrekke oss nye innbyggjarar – må dette elementet vera sterkare enn i dag.


Tenk om Sogndal kunne bli kjent for å ha eit stort mangfald i arbeidsplassar – og at det gir gode moglegheitar på arbeidsmarknaden uavhengig av kva utdanning ein har! Eller tenk om Sogndal kunne bli kjent for å vera utruleg gode innanfor eit spesielt næringsområde! Og då helst på eit område me ikkje er sterke på i dag – slik at det representerer noko som kan gje oss eit renomé på at me utviklar oss.


Skikkeleg tøft hadde det vore om ein hadde fått utvida omgrepet Talentfabrikken til å gjelde heile Sogndal. Talentfabrikken: Sogndal fotball, ettertrakta studentar frå Høgskulen og Sogndal som eit eldorado for unge etablerarar som flyttar til Sogndal for å jobbe midt i veka – og ha bratt moro i helgane!


Og så er poenget at dette kan ein ikkje bestemme – det er noko ein må gjera seg fortent til. Ein kan heller ikkje løyse det med ein stor marknadsføringsinnsats – sjølv det kan hjelpe på kort sikt. Over tid må det ligg eit ekte innhald bak det ein forsøkjer å byggje inn i renoméet. På same måte som Sogndal fotball må drive med talentutvikling for å fortene merkelappen Talentfabrikken – så må Sogndal drive næringsutvikling for at næringsutvikling skal bli ein del av det folk hugsar om Sogndal.



--- oo ---

Har du innspel eller kommentarar?
Har du innspel til diskusjonen om kva Sogndal er kjent for i dag – og kva Sogndal bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen!

fredag 23. oktober 2009

Stao no pao - om ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane

Kommentar til Lill Mona Solberg sitt flotte innlegg til ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane, på Fylkesmann-bloggen: http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=172


Det hadde no vore freistande å skrive at her er det berre å peise på..., men sidan eg er sogning og ikkje nordlending høver det vel betre med "Stao no pao".


Dette er flott. Me har byrja å ta tak i eit viktig område - og det på mange nivå. Det må bli suksess - og er viktig for Sogn og Fjordane som fylke. Dei gode resultata som ein har for entreprenørskap i samband med skule, er ekstra oppløftande når ein veit at det er mange tiltak her i fylket som forsøkjer å favne om unge gründarar etter ferdig skulegang. Fleire av desse er omtalt på nettsida http://www.driftig.no/.


Som styreleiar i Sparebanken Vest si næringsstifting for Sogn og Fjordane kjenner eg til at det er mange spennande initiativ blant gründarar (unge og gamle) i fylket. Når ein veit at mange av dei som får støtte av denne type fond/stiftingar, ofte i etterkant kjem over i gode mentorprogram som til dømes Innovasjon Norge sitt Alkymisten program, (http://www.innovasjonnorge.no/Fylke/Sogn-og-Fjordane/Kompetanse/Alkymisten/), er det lov å vera optimist på vegne av entreprenørskapet i fylket.


Tysdag hadde eg gleden av å ha ein lenger telefonsamtale med Anne van Oorschot i Framtidsfylket om rekruttering og møteplassar. Når ein veit kva engasjement ho har for jobben - og kor mange bedrifter i Sogn og Fjordane som no står bak Framtidsfylket - har ein eit anna eksempel som viser at me har all grunn til optimisme.


So - stao no pao alle som ivrar for næringsutvikling her i fylket.


lørdag 10. oktober 2009

Bør Sogndal få bystatus? eller manglar me noko?

Rådmannen i Sogndal har på forespurnad frå politikarane gjeve si vurdering på om Sogndal bør søkje om bystatus.


-”Dersom kommunen vil stå fram som regionsenter, bør Sogndal kalle seg by”, meiner rådmannen ifølgje Firda.no og dagens papirutgåve av SognAvis. http://www.firda.no/nyhende/article4635759.ece


Det er kjempeflott at debatten om Sogndal som regionssenter vert sterkare i dei politiske miljøa. Debatten er ikkje særleg sterk i dag – om den er tilstades i det heile. Men det er med ei viss undring eg ser at diskusjonen rundt eit sterkare regionssenter vert knytta opp mot om status som by vil vera eit viktig verktøy for å få ei sterkare senter.


-”Styrking av sentrumsfunksjonar og utvikling av meir urbane tilbod kan vere positivt for å trekkje til seg innbyggjarar og arbeidskraft, og for å halde innbyggjartalet oppe”- meinar rådmannen. Her er me inne på eit kritisk punkt. Utan nye verksemder som sel varene og tenestene sine utanfor Sogndal (dvs tilfører friske pengar utanfrå) byggjer ein ut service- og handel som slåss om dei same pengane frå innbyggjarane i kommunen. Næringsutvikling som får friske (=nye) arbeidsplassar til Sogndal, vil gje lønnsmottakarar som brukar desse nye pengane i kommunen og som bidrar til utvikling.


Men kva skal desse nye verksemdene innehalde? Kva bør Sogndal satse på av næringsutvikling. Ja, den diskusjonen er fråverande i strukturert form. Her bør ordføraren i Sogndal saman med resten av politikarane raskt få Sogn Næring på bana. Dei bør be Sogn Næring laga ein profil av kva som er næringsaktivitet i Sogndal i dag og kva (+ kva type) som er tilført av ny aktivitet i Sogndal dei siste åra. Sogn Næring bør deretter vert oppmoda til å gjennomføre diskusjonar med alle ulike næringsinteresser i området – med fokus på å høyra kva dei trur bør vera plattforma for vidare næringsutvikling. Dette ville gje grunnlaget for debatt og naudsynte prioriteringar - om målet er å utvikle Sogndal til eit sterkt regionsenter. Ein slik debatt bør det vera mange i Sogndal som er interessert i få opp – og delta i.


Først med eit sterkare næringsutviklingsarbeid – er det for meg interessant å vurdere om Sogndal skal utvikle eit meir moderne renomè som by.


Men rådmannen peikar på eit viktig punkt. Sogndal må kople seg opp mot utviklinga som skjer elles i fylket. Dette får bli tema i ein seinare blogg.

tirsdag 6. oktober 2009

Utan økonomisk styring - eller er det andre problem?

Kommentar gjeve i Fylkesmannbloggen 5. oktober 2009, som replikk på Petter Øgar sin blogg "Spesialisthelsetenesta utan økonomisk styring"
http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=101

Både i overskrifta og i byrjinga av innlegget ditt, hevdar du at spesialisthelsetenesta i Noreg synes å vere utan økonomisk styring. Eg skulle gjerne høyrt deg vera litt meir nyansert på dette – og kva element i den økonomiske styringa du meinar ikkje er tilstades.

Eg tilhøyrer dei som meinar at ein kan ha god økonomisk styring i ei verksemd, sjølv om ein går med underskot. Det hjelp ikkje om leiing og økonomipersonale har god oversikt over kvar pengane forsvinn, om;

1) Administrasjonen og styret ikkje har vilje og/eller kompetanse til å setje i verk dei tiltaka som skal til

eller

2) at administrasjon/styre har evne og vilje, men har rammevilkår som gjer at dei ikkje har reell moglegheit til å gjennomføre dei endringar som analysane viser er best for verksemda.

Det ser ut for meg som det er mykje uklarheit rundt den modellen som er valt rundt eigarskap og styring av helseføretaka. Ein bør vel snart gjera eit endeleg val rundt modellen – og ta dei konsekvensane som føl av å ha ein føretaksmodell. La meg påpeika at eg trur modellen er rett – sjølv om storleiken på einingane kan diskuterast. Val av ein føretaksmodell, slik eg trur ideen til Tore Tønne i si tid var, har gjort at ein har fått eit betre fokus på økonomistyring i denne delen av helsevesenet.

Eit av problema ser for meg no ut til å vera, at etter kvar som helseføretaka har auka si kompetanse på (økonomisk) styring og har fått opp gode system og modellar, vert den innsikt dei har opparbeidd seg i forhold til å setje i verk tiltak, stoppa av det politiske systemet som vel å gjera einkeltvedtak på lokalnivå. Då må det vera frustrerande å vera administrasjon og styre i helseføretaka.

Eg har – dog på litt dårleg grunnlag – fått inntrykk av at Helse Førde er eit av dei føretaka som har jobba godt med sine styringssystem dei siste åra. Det er eit paradoks at dei truleg – betre enn nokon gong – er i stand til å måle kor effektive og gode dei er til å gjennomføre dei oppgåvene dei er sett til, men ikkje får lov til å bruke denne innsikta til å gjera endringar i prosessar og strukturar som gjer at ein kan redusere underskota.

Eg meinar å hugse – men har ikkje gått tilbake for å verifisere det – at det på tidspunkt for etablering av helseføretaka, vart lagt til grunn at føretaksmodellen i seg sjølv ikkje var synonymt med at føretaka skulle gå i balanse. Litt av ideen bak endringa var å setje fokus på god økonomistyring og måling av kva ressursar som går med til å drifte desse tenestene ut frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv. Det er eksempel på andre statlege føretak, som må ha ”statlege kjøp” av tenester. Dette er tenester som ut frå geografiske struktur ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame.

Men to ting er me nok klart einige om. 1) Eg likar heller ikkje vedtak om rammer for bruk av økonomiske midlar som ikkje vert halde og 2) Ostehøvelen er ikkje noko god reiskap om ein vil snu minus til pluss.