tirsdag 6. oktober 2009

Utan økonomisk styring - eller er det andre problem?

Kommentar gjeve i Fylkesmannbloggen 5. oktober 2009, som replikk på Petter Øgar sin blogg "Spesialisthelsetenesta utan økonomisk styring"
http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=101

Både i overskrifta og i byrjinga av innlegget ditt, hevdar du at spesialisthelsetenesta i Noreg synes å vere utan økonomisk styring. Eg skulle gjerne høyrt deg vera litt meir nyansert på dette – og kva element i den økonomiske styringa du meinar ikkje er tilstades.

Eg tilhøyrer dei som meinar at ein kan ha god økonomisk styring i ei verksemd, sjølv om ein går med underskot. Det hjelp ikkje om leiing og økonomipersonale har god oversikt over kvar pengane forsvinn, om;

1) Administrasjonen og styret ikkje har vilje og/eller kompetanse til å setje i verk dei tiltaka som skal til

eller

2) at administrasjon/styre har evne og vilje, men har rammevilkår som gjer at dei ikkje har reell moglegheit til å gjennomføre dei endringar som analysane viser er best for verksemda.

Det ser ut for meg som det er mykje uklarheit rundt den modellen som er valt rundt eigarskap og styring av helseføretaka. Ein bør vel snart gjera eit endeleg val rundt modellen – og ta dei konsekvensane som føl av å ha ein føretaksmodell. La meg påpeika at eg trur modellen er rett – sjølv om storleiken på einingane kan diskuterast. Val av ein føretaksmodell, slik eg trur ideen til Tore Tønne i si tid var, har gjort at ein har fått eit betre fokus på økonomistyring i denne delen av helsevesenet.

Eit av problema ser for meg no ut til å vera, at etter kvar som helseføretaka har auka si kompetanse på (økonomisk) styring og har fått opp gode system og modellar, vert den innsikt dei har opparbeidd seg i forhold til å setje i verk tiltak, stoppa av det politiske systemet som vel å gjera einkeltvedtak på lokalnivå. Då må det vera frustrerande å vera administrasjon og styre i helseføretaka.

Eg har – dog på litt dårleg grunnlag – fått inntrykk av at Helse Førde er eit av dei føretaka som har jobba godt med sine styringssystem dei siste åra. Det er eit paradoks at dei truleg – betre enn nokon gong – er i stand til å måle kor effektive og gode dei er til å gjennomføre dei oppgåvene dei er sett til, men ikkje får lov til å bruke denne innsikta til å gjera endringar i prosessar og strukturar som gjer at ein kan redusere underskota.

Eg meinar å hugse – men har ikkje gått tilbake for å verifisere det – at det på tidspunkt for etablering av helseføretaka, vart lagt til grunn at føretaksmodellen i seg sjølv ikkje var synonymt med at føretaka skulle gå i balanse. Litt av ideen bak endringa var å setje fokus på god økonomistyring og måling av kva ressursar som går med til å drifte desse tenestene ut frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv. Det er eksempel på andre statlege føretak, som må ha ”statlege kjøp” av tenester. Dette er tenester som ut frå geografiske struktur ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame.

Men to ting er me nok klart einige om. 1) Eg likar heller ikkje vedtak om rammer for bruk av økonomiske midlar som ikkje vert halde og 2) Ostehøvelen er ikkje noko god reiskap om ein vil snu minus til pluss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar