onsdag 4. november 2009

Utvikling i Sogndal (del 2) – bør ein prøve å sjå på SOGN når det gjeld utvikling?

I bloggen min som omhandla kva Sogndal er kjent for og kva Sogndal bør bli kjent for, fekk eg fleire tilbakemeldingar. Blant anna på at ein i staden for å fokusere einsidig på Sogndal, bør ein sjå på utvikling ut frå eit Sogn-perspektiv.


Det vert hevda at ein har ein felles bu-og arbeidsmarknad i Sogn. Er dette det einaste fellestrekket, er det viktig og har me andre ting felles som gjera at ein bør prøva å jobbe etter eit slikt perspektiv?


Eg tek ikkje stilling til om eit fokus på SOGN bør skje gjennom kommunesamanslåingar eller om ein bør sjå utvikling under ein felles paraply på tvers av kommunegrenser. Men eg kjem til at det er så mange spennande ting i SOGN som går på tvers av kommunegrensene, at det vil vera dumt å ikkje forsøkje å utnytte dette. Skal ein forsøkje å skape noko på tvers under ein felles paraply – må paraplyen ha eit klart omgrep/namn. Kanskje er Sogn det rette – men kanskje bør ein få eit tillegg som viser at satsinga er ny?


Skal ein gjera noko på tvers av grensene i Sogn, vil eg helst ha med Årdal. Kanskje dei òg snart ser fordelen med å samarbeid med dei andre kommunane? Men med det gode samarbeidsklimaet som er i Sogn regionråd for tida – så spørs det kva som er mogleg?


Eksempel på tiltak som er gjort for å styrke utviklinga i ein region eller kommune finne ein på;

www.sunnfjord2020.no

www.fordeframover.no

www.maloyvekst.no


Kva er SOGN kjent for og kva kan SOGN bli kjent for framover?

I innlegget om Sogndal kom eg fram til følgjande stikkord som var sentrale for omdømet;

  • Sogndal fotball
  • Studiestad /studentar
  • Lerum (saft og syltetøy)
  • Tone Damli Åberge (Idol-Tone)
  • Fjellsport / Bratt moro

og eg kasta fram Talentfabrikken som eit spennande stikkord å byggje vidare på.


I vedlagte tanke-kart (klikk på kartet for å få det større), har eg forsøkt å notera dei stikkorda eg kjem på når eg tenkjer på Sogn. Eg har på ingen måte tru på at eg har klart å sjå alle sider. Til det har eg budd for mange år vekke – og for få år i Sogn etter at eg flytta heim. Men kanskje eit utgangspunkt for diskusjon – og innspel til andre si idèmyldring.



Eg vil vel hevda – at av bygdene i Sogn er det Sogndal som er mest kjent utanfor regionen. Ein slik påstand vil nok av røynsle trigga ein del timar med diskusjon med personar med røter på systrond og i Årdal – og truleg kjem det til å kosta meg ein halvliter eller to. Men eg trur ein vil finne fleire frå Sogn som i smug oppgjev å vera frå Sogndal når dei presenterar seg ute. Ja – om dei er sikre på at dei ikkje vert overhøyrt av andre sogningar, vel å merka.


I forhold til å skulle utvikle Sogn – vil det vera naturleg at det som Sogndal er kjent for, òg vil vera noko Sogn er kjent for. Men tanke-kartet viser at det er fleire av desse momenta som vil vera endå sterkare om ein fokuserar på Sogn framfor Sogndal.


Dette gjeld heilt utvilsamt det som går på Fjellsport /Bratt moro. Med å ta med Luster og Årdal får ein med to kommunar som er porten inn i Jotunheimen. Ein får òg fram tilknytinga til Jostedalsbreen på ein tydlegare måte.


Styrken som ligg i det beste frukt- og bær distriktet, er openbar. Det same vil truleg omdømet rundt eit sterkt musikkmiljø.


I bloggen om omdømet til Sogndal, peika eg på at næringsutvikling var eit svakt punkt for Sogndal. I eit perspektiv der ein ser på arbeidsmarknaden i Sogn og den næringsutvikling ein finn her, ser ein kanskje den største plussen ved å samle innsatsen.


Ein får ein veldig spennande profil på private og offentlege arbeidsplassar om ein ser Sogn under eit. Ein har mykje innanfor det eg vel å kalle viktig infrastruktur, til dømes kraft, IT, bank, transport, hotell, advokatar, regnskapsførarar og revisorar. Ein har sjølvsagt eit stor offentleg apparat på Leikanger og ein har eit mangfald innanfor tradisjonell næringar. Men ein ser òg ein del spennande aktivitet innanfor nyare områder.


Framleis trur eg at ein har eit stykkje å gå innanfor næringsutvikling før Sogn vil kunne få eit tydeleg omdøme på at me er sterke på dette feltet. Men om ein samlar kreftene – og tek tak i det arbeidet som er i gang – så trur eg me vil klare å komme til eit nivå som er godt nok i forhold til alle dei andre styrkane som regionen har.


Men kva er godt nok? Jau, då tenkjer eg i forhold til om Sogn skal spela i eliteserien eller i 1.divisjon når det kjem til mangfald i næringslivet. Sogn sitt omdøme i forhold til moglegheitar på arbeidsmarknaden skal ikkje stå åleine. Me bør kunne trekke omdømemessige vekslar på mykje av det andre spennande som skjer i fylket. Me må passe på at me ikkje vert ståande heilt åleine – og konkurrere mot resten av fylket. Kanskjer vert dei i framtida endå meir vanleg å bu i Sogn men arbeide i Førde, og omvendt. Kanskje me kan samarbeid med andre områder i fylket for å fylle ut heilheita.


Og så har eg sjølvsagt ikkje gløymt Talentfabrikken. Den vert ikkje noko mindre kraftfull om ein utvidar perspektivet til Sogn.


Sogn (og Sogn og Fjordane) som eit sterkt felles bu- ,arbeids- og opplevings-område.



-- oo --


Har du innspel eller kommentarar?

Har du innspel til diskusjonen om kva Sogndal /Sogn er kjent for i dag – og kva Sogndal /Sogn bør bli kjent for i løpet av dei neste 5 åra, legg gjerne inn ein kommentar til denne bloggen!

4 kommentarer:

  1. Veldig bra dette. Likar tankekartet, men Leikanger Næringshage bør med utan spørsmålsteikn, + Skald (som du nemnte tidlegare: Under bokbyen?), Fjordsymjarane, Fruktbare dagar og Kjeringi Open.

    Ellers: Tykkjer du kjem med mange interessante innspel.

    Eg er blant dei som meinar vi absolutt burde satse på Sogn som heilskap. Vi er nok kanskje litt for flinke til å motarbeide kvarandre her inne i Sogn, i staden for å samarbeide. Skal vi lukkast med framtidige utfordringar, er det heilt sentralt at vi klarar å samarbeide.

    Eg er også einig med ideen om eit "Sogn Framover". Eg trur rett og slett ikkje Sogndal klarar denne jobben åleine. Her må vi samle alle gode krefter.

    Eg trur faktisk det vert tenkt mykje likt og mykje bra om dette temaet rundt omkring i kommunane. Klarar vi å få samla dette?

    SvarSlett
  2. Janne, takk for kjempegode innspel. Alle er relevante.

    Mest skremmande at eg hadde gløymt å gjera eit eige poeng ut av KjeringiOpen. Det er strafferunde... Saman med Fjellsportfestivalen, Tinderitt, m.v , gjer det oss til dei beste og mest talentfulle på å lage denne type festivalar.

    Eg teinkte ikkje på Skald som eit underpunkt under bokbyen. Kanskje kan bøker vera eit eige punkt? Men her må eg innrømma eg ikkje har særleg oversikt.

    SvarSlett
  3. Kommentarar som har komme på Twitter eller gjennom andre kanalar;

    * Statens Vegvesen og Mesta manglar
    * Norconsult manglar i Ingeniør-miljø

    * Vik: Skisportfestival, rulleskiskyting
    * Balejazz
    * Ciderhuset (Balestrand)

    * Kunnskapsparken i S&Fj ( på Campus)

    For eigen del legg eg til følgjande eg ser at eg har gløymt:
    * Skatteetaten.

    SvarSlett
  4. Veldig bra og spennande tankar her ! Ser at Sogn er samlebegrepet og då skuldar ein kanskje å ta med arbplassar med storleik/kompetanse som :Fjord1 (heile Sogn ), jatak (tradisjonell, men nyskapande), psykiatrisenteret i Sogndal ( Eller dekka av Fylkeskommunen ?).

    SvarSlett